I 1894 vedtok Stortinget at det skulle stillast til disposisjon statlege midlar som kommunane kunne låna ut til personar som planla å skaffa seg bustad og/eller jord, men mangla pengar. Som eit ledd i dette arbeidet med å stimulera til oppretting av arbeidarbruk (småbruk) m.m. blei "Den norske Stats Arbeiderbruk- og Boligbank" oppretta ved lov i 1903. Denne banken skulle låna ut pengar til personar som gjekk med planer om å skaffa seg bustad og/eller jord mot kommunale garantiar. Slike garantiar blei gitt av herradstyet etter tilråding frå ein komité/ei nemnd. Loven av 1903 la altså dei første føresetnadane for oppretting av kommunale småbruk- og bustadnemnder. I 1915 blei "Den norske Stats Arbeiderbruk- og Boligbank" avløyst av "Den Norske Stats Småbruks- og Boligbank". Etter dette fekk småbruk- og bustadnemndene den forma som denne nemnda frå Varhaug er eit døme på. Desse nemndene skulle førebu saker kor kommunen skulle gje garantiar for lån til jord og/eller bustad. Denne måten å organisera denne nemnda på var uendra fram til 1943 då det kom nokre nazistiske endringar. Desse blei avskaffa etter krigen. I 1946 blei husbanken oppretta. Denne banken fekk oppgåver som var delvis overlappande med Småbruk- og boligbanken sine oppgåver. Dette førte til at det kom i stand ordningar kor kommunane sjølv fekk høve til å bestemma at småbruk- og bustadnemnda også skulle fungera som den husnemnda som husbanklova påla dei å ha. I Varhaug blei det oppretta ei småbruk og bustadnemnd i 1906. Nemnda var, med litt vekslande oppgåver, verksam fram til Varhaug kommune blei nedlagd i 1963. Frå 1964 er desse arbeidsoppgåvene blitt ført vidare av Hå kommune. |